Praktisk info

Før du kjem

Alt det praktiske på éin stad. Les gjennom før besøket.

Kvar er saunaen?

Saunaen ligg på Skjersholmane, Stord, ved sjøen og båthamna.

Opne vegbeskriving i Google Maps

Tilgang med PIN-kode

  1. PIN-koden til hengelåsen kjem på e-post (og SMS viss du har slått det på) ca. 12 timar før bookinga.
  2. Saunaen er din i heile den booka tida. Kom presis, og gå når tida er ute, sidan nokon kan ha booka etter deg.
  3. Heng låsen tilbake etter bruk, og ikkje ta han med inn i saunaen.

Oppfyring

Saunaen har vedomn, og du fyrer han sjølv. Tenn opp med ein gong du kjem, sidan det tek litt tid før saunaen er varm.

Har du booka ei tid merkt forvarma, er saunaen alt varm når du kjem, men du held varmen ved like sjølv.

Fyll på ved undervegs, og hald omnen og saunaen i god stand medan du brukar han.

Pakkeliste

  • Handkle, gjerne eitt å sitja på og eitt til etterpå
  • Badetøy, viss du vil ta eit kaldt bad i sjøen
  • Badesko eller sandalar
  • Drikkevatn. Du sveittar mykje i varmen.
  • Varme klede til etterpå

Når du går

  • Rydd etter deg, og lat saunaen stå slik du fann han.
  • Røyking er ikkje lov i saunaen.
  • Heng låsen tilbake på døra.

Sjå dei fullstendige reglane i vilkåra.

Spørsmål?

Skriv til [email protected], eller gå til hjelpesida.