Vilkår
Reglane for booking, medlemskap, gavekort og bruk av badstova.
Sist oppdatert: 31.10.2026
1. Kven avtalen er med
Desse vilkåra gjeld for booking av badstova, kjøp av medlemskap og kjøp av gavekort hos Saunasystrene på Skjersholmane, Stord. Avtalen din er med:
John Ståle Eldøy AS (Saunasystrene)
Org.nr.: 983098924
Adresse: Skjersholmane, Stord
E-post: [email protected]
Når du gjennomfører ein booking, kjøper eit medlemskap eller eit gavekort, stadfestar du at du har lese og godteke desse vilkåra. Vilkåra gjeld i tillegg til dei rettane du har etter norsk forbrukarlovgjeving, og avgrensar ikkje rettar du har etter lov.
Ved booking må du stadfesta om du er 18 år eller eldre. Er du under 18 år, må du oppgje namn og telefonnummer til ein føresett, og den føresette må stadfesta bookinga via ei lenke på SMS før bookinga kan gjennomførast. Personar under 18 år kan berre booka økter som byrjar tidlegast kl. 09:00 og er ferdige seinast kl. 22:00. Medlemskap og gavekort kan berre kjøpast av personar som er minst 18 år. Bookaren er kontaktperson for bookinga og har ansvar for at alle i følgjet kjenner til og følgjer desse vilkåra.
2. Booking og betaling
2.1 Booking
Booking skjer på sasy.no. Du vel dato, tid, varigheit og tal på personar. Bookinga er bindande og stadfesta først når betalinga er motteken, og du får stadfesting på e-post. Kontroller at opplysningane i stadfestinga stemmer, og gi oss beskjed med ein gong om noko er feil.
2.2 Betaling
Betaling skjer ved booking via Stripe. Me tek imot betalingskort, Klarna, Apple Pay og Google Pay. Vel du Klarna, gjeld i tillegg Klarna sine eigne vilkår for den betalinga. Me lagrar ikkje kortopplysningane dine.
2.3 Prisar
Prisane er som følgjer:
- 2 personar, 1,5 time: 450 kr
- 2 personar, 2 timar: 500 kr
- 3+ personar, 1,5 time: 175 kr per person
- 3+ personar, 2 timar: 225 kr per person
- Nattsauna: 30 % rabatt på prisane over når økta startar mellom 00:00 og 06:59
Saunaen er open heile døgeret, alle dagar. Ei økt kan gå over midnatt.
Alle prisar er i norske kroner inkl. mva. Totalprisen du ser før du betaler, er den du betaler – det kjem ingen gebyr i tillegg. Du fyrer sjølv saunaen. Ved enkelte tider er saunaen forvarma (markert med 🔥, sjå punkt 7).
2.4 Rabattar og gavekort
Rabattar (t.d. nattpris, kommunerabatt, rabattkode eller vervekampanje) vert rekna ut automatisk i kassa. Rabatten som vert vist før du betaler, er den som gjeld. Rabattar kan ikkje veksla inn i pengar og gjeld ikkje bakover for bookingar som alt er betalte.
Kommunerabatt (20 %) gjeld for personar med verifisert e-postadresse frå Stord kommune som er eller vil bli medlem i Stord kommune Ve og Vel. Rabatten krev at du samtykkjer til at namn og e-post vert delte med Ve og Vel for kontroll, og gjeld ikkje for gratis medlemsbesøk. Innmelding i Ve og Vel, og trekk i løn for det, er ein avtale mellom deg og Ve og Vel – ikkje med oss.
2.5 Fleire som bookar saman
Legg du til andre medlemmar eller ber andre betale sin del, må du ha avtalt det med dei på førehand. Du skal berre leggje inn telefonnummer og e-postadresser til personar som veit om og ønskjer å vere med på bookinga.
- Medlemmar som vert lagde til får ein SMS og må stadfeste at dei blir med innan fristen som står i meldinga. Stadfestar dei ikkje, får du ei betalingslenke for å dekkje plassane til vanleg pris. Vert ikkje plassane dekte innan fristen, vert bookinga kansellert og det du har betalt, refundert.
- Når alle betaler for seg, får kvar deltakar si eiga betalingslenke. Er ikkje alle delane betalte innan fristen, vert bookinga kansellert og alle innbetalingar refunderte.
2.6 Fast tid kvar veke
Du kan gjere ei av bookingane dine om til ei fast tid – same dag og klokkeslett kvar veke – på Min side. Det er inga binding, og du kan avslutte når du vil.
- Slik verkar det: Me held av same tid veka etter til deg. Når økta di er ferdig, får du ein SMS med ei personleg lenke der du svarar om du vil ha tida. SMS-ar vert berre sende mellom kl. 08 og 22.
- Andre medlemmar på bookinga: Er det andre medlemmar med på bookinga du gjer om til fast tid, vert dei med på den faste tida. Kvar veke får dei fyrst ein SMS og må stadfeste at dei blir med innan fristen i meldinga. Når alle har svart, eller fristen er ute, får du tilbodet. Medlemmar som seier ja, nyttar eitt av sine gratis medlemsbesøk dersom dei har det for den tida; plassane til dei som seier nei eller ikkje svarar, er vanlege betalte plassar i prisen du får. Bookinga er stadfesta først når du har takka ja og betalt, og då får alle som sa ja, PIN-koden. Ein medlem kan når som helst melde seg av den faste tida via lenka i SMS-en. Du skal berre gjere bookingar med andre om til fast tid dersom dei veit om det og ønskjer å vere med.
- Svarfrist: Du må svare innan fristen som står i meldinga. Svarar du ikkje, vert tida ledig for andre, og me spør deg om veka etter. Etter to ubesvarte førespurnader på rad vert den faste tida avslutta, og du får beskjed på SMS.
- Pris: Kvar booking du takkar ja til, kostar vanleg pris (punkt 2.3) pluss eit gebyr for fast tid på 39 kr. Gebyret vert berre teke for bookingar du takkar ja til og betaler – ikkje for veker du hoppar over. Er besøket dekt av medlemskapet ditt, betaler du berre gebyret, og besøket vert trekt frå månadskvoten din. Gavekort og rabattkodar kan ikkje brukast på bookingar via fast tid. Prisen står i SMS-en og før du betaler.
- Ikkje ein garanti: Me prøver å halde av tida, men kan ikkje love at ho alltid er ledig (til dømes ved stengde dagar). Er tida oppteken, får du beskjed, og me spør deg om veka etter. Har du betalt for ei tid som likevel ikkje er ledig, får du heile beløpet tilbake.
- Avbestilling: Ei booking via fast tid kan avbestillast som andre bookingar (punkt 5). Avbestiller du innan fristen, får du heile beløpet tilbake, også gebyret.
- Avslutting: Du avsluttar den faste tida på Min side eller via lenka i SMS-en. Bookingar du alt har betalt for, står som før. Me kan òg avslutte ei fast tid, til dømes ved misbruk eller endringar i opningstidene; bookingar du har betalt for, vert då handterte etter punkt 5.4.
3. Angrerett
Booking av badstove: Det er ikkje angrerett på booking av ei bestemt tid i badstova. Dette følgjer av unntaket i angrerettlova § 22 for fritidstenester som skal leverast på ein bestemt dato eller i ein bestemt periode. Du kan likevel avbestille gratis etter reglane i punkt 5.
Medlemskap og gavekort: Du har 14 dagars angrerett frå den dagen avtalen vart inngått, sjå punkt 4.7 og 8.
4. Medlemskap
4.1 Kva er inkludert
Eit aktivt medlemskap gir deg gratis tilgang til saunaen i tidene som gjeld for nivået ditt. Talet på gratis besøk per kalendermånad og tilgangstidene varierer mellom nivåa (sjå 4.3). Ubrukte besøk vert ikkje overførte til neste månad. Besøk utover kvota vert fakturerte til vanleg pris. Gratis-bookingar er 1,5 timar for Grunnkort og Standardkort; Premiumkort har 2-timars sesjonar inkludert.
4.2 Gjeld for éin person
Medlemskapet er personleg, gjeld for éin person og er knytt til e-postadressa du registrerer deg med. Det kan ikkje lånast ut eller overdragast. Dersom du kjem saman med andre som også har aktivt medlemskap, kan dei legge inn si eiga e-postadresse ved booking for å nytte sitt eige medlemskap. Personar utan medlemskap betaler vanleg pris. Grunnkort kan ikkje bookast åleine – du må vera minst to personar. Premiumkort kan ta med ikkje-medlem til rabattert pris.
4.3 Nivå og prisar
Alle nivå kan betalast månadleg eller årleg. Medlemskapet har 60 dagars bindingstid (sjå punkt 4.5).
- Grunnkort: 299 kr/mnd eller 2 490 kr/år – 4 besøk/mnd (1,5t), måndag–torsdag heile dagen, minst 2 personar.
- Standardkort: 459 kr/mnd eller 3 499 kr/år – 8 besøk/mnd (1,5t), måndag–torsdag heile dagen + fredag–søndag før 15:00, solobooking tillaten.
- Premiumkort: 699 kr/mnd eller 5 990 kr/år – 12 besøk/mnd med 2-timars sesjonar inkludert, same tilgangstider som Standardkort, solobooking og rabattert pris for ikkje-medlem du tar med.
4.4 Verifisering
For å nytte medlemskapet ved booking må du verifisere e-postadressa di med ein eingongskode (OTP). Dette sikrar at berre du kan nytte ditt eige medlemskap.
4.5 Bindingstid og oppseiing
Medlemskapet har 60 dagars bindingstid frå startdatoen. Du kan seie opp når som helst på Min side, men seier du opp i bindingstida, held abonnementet fram til bindingstida er ute. Då vert siste trekk rekna forholdsmessig fram til sluttdatoen.
Etter bindingstida trer oppseiing i kraft ved slutten av gjeldande betalingsperiode, og du beheld tilgangen ut perioden du har betalt for. For nye årlege medlemskap er betalingsperioden alltid lengre enn bindingstida.
Medlemskap starta før 25. september 2026: Bindingstida gjeld frå 1. januar 2027, og varer til og med 1. mars 2027. Seier du opp før 1. januar 2027, gjeld dei tidlegare vilkåra, og oppseiinga trer i kraft ved slutten av gjeldande betalingsperiode.
Du kan endre nivå eller betalingsperiode på Min side når som helst, òg i bindingstida. Bindingstida gjeld ikkje dersom Saunasystrene avsluttar medlemskapet etter punkt 4.8, ved endringar etter punkt 4.9, og ho avgrensar ikkje angreretten din etter punkt 4.7.
4.6 Betaling og fornying
Abonnementet vert automatisk fornya og trekt ved starten av kvar ny periode til du seier det opp. Betalinga skjer via Stripe med betalingsmiddelet du registrerte ved kjøp. Viss betalinga feilar, vert medlemskapet sett på vent til betalinga er i orden, og du vert varsla på e-post.
4.7 Angrerett på medlemskap
Du har 14 dagars angrerett frå den dagen du kjøpte medlemskapet. Du nyttar angreretten ved å sende ei eintydig melding til [email protected] innan fristen, t.d. «Eg nyttar angreretten for medlemskapet mitt». Du kan også bruke standard angrerettskjema, men det er ikkje påkravd.
Når du kjøper medlemskap, ber du om at det skal starte med ein gong, slik at du kan booke i angrefristen. Nyttar du angreretten, får du tilbake det du har betalt, med frådrag for ein forholdsmessig del for perioden fram til du gav melding. Refusjonen vert gjord til same betalingsmiddel, seinast 14 dagar etter at me fekk meldinga di.
4.8 Avslutting frå vår side
Me kan avslutte eit medlemskap med verknad straks ved vesentleg brot på vilkåra, til dømes utlån av medlemskapet, deling av PIN-kode, gjentekne brot på reglane i punkt 7, skadeverk eller trugande åtferd. Ved mindre alvorlege brot får du først ei skriftleg åtvaring. Avsluttar me medlemskapet, får du refundert ein forholdsmessig del for perioden du har betalt for og ikkje fått nytte, med frådrag for eventuelle krav me har mot deg etter punkt 9.
4.9 Endringar i medlemskapet
Endringar i pris, tilgangstider, tal på besøk eller andre vilkår for medlemskapet vert varsla på e-post minst 14 dagar før dei trer i kraft. Er endringa til ulempe for deg, kan du seie opp medlemskapet med verknad frå den dagen endringa trer i kraft, òg i bindingstida.
5. Avbestilling og refusjon (booking)
5.1 Avbestillingsfrist
Du kan avbestille og få heile beløpet tilbake fram til 12 timar før bookinga startar. Me trekkjer ikkje gebyr. Seinare enn det er det ikkje mogleg å avbestille eller flytte bookinga med refusjon. Det same gjeld om du ikkje møter opp, kjem for seint, eller går før tida er ute – tida vert ikkje forlengd og ubrukt tid vert ikkje refundert.
5.2 Eksempel
Du har booka laurdag kl. 18:00. Avbestiller du seinast laurdag kl. 06:00, får du full refusjon. Etter kl. 06:00 får du ikkje pengane tilbake.
5.3 Korleis avbestille
Avbestill sjølv på Min side, via hjelpesida, eller send e-post til [email protected] med bookingdato og namn. Tidspunktet me får avbestillinga, avgjer om fristen er halden. Refusjonen går tilbake til same betalingsmiddel og kjem vanlegvis fram innan 3–5 verkedagar. Er bookinga heilt eller delvis betalt med gavekort, vert den delen automatisk ført tilbake på gavekortet.
5.4 Avbestilling frå vår side
Viss me må avlyse bookinga di, til dømes på grunn av vedlikehald, feil på utstyr eller vêr som gjer bruk utrygt, får du full refusjon eller tilbod om ny tid etter eige val. Me kontaktar deg så snart som mogleg. Kan du ikkje kome inn i badstova på grunn av feil hos oss (t.d. lås eller PIN-kode som ikkje fungerer), og me ikkje får løyst det, får du også full refusjon.
6. Tilgang og PIN-kode
- Du får PIN-koden til låsen på SMS og/eller e-post før bookinga startar. Koden gjeld berre i tida du har booka.
- PIN-koden er personleg for bookinga di. Du skal ikkje dele han med andre enn dei som er med på bookinga.
- Har du ikkje fått koden, eller fungerer ikkje låsen, kontakt oss med ein gong på +47 47 88 19 05 eller [email protected], slik at me kan hjelpe deg medan du er der.
7. Bruk av saunaen og tryggleik
7.1 Reglar
- Møt opp til avtalt tid. Saunaen er reservert for deg i den tida du har booka, og må vere forlaten når tida er ute.
- Det kan ikkje vera fleire personar enn du har booka for. Er de fleire, kan de bli viste bort utan refusjon.
- Barn under 16 år må vere i følgje med ein vaksen som har ansvaret for dei heile tida.
- Det er ikkje lov å bruke saunaen i påverka tilstand (alkohol, rusmiddel eller medikament som påverkar deg).
- Røyking og open eld utanom omnen er ikkje tillate i eller ved saunaen.
- Du er ansvarleg for å fyre forsvarleg, berre bruke veden som ligg klar, og fylle på ved etter behov. Ikkje forlat saunaen med fyr i omnen utan tilsyn.
- Lat att saunaen i same stand som du fekk den. Rydd opp etter deg.
- Heng låsen tilbake og lås etter bruk, og ta han ikkje med inn i saunaen.
- Følg eventuelle oppslag og instruksar på staden.
Brot på reglane kan føre til at de vert viste bort utan refusjon, og for medlemmar til avslutting etter punkt 4.8.
7.2 Helse og risiko
Badstue og bading i sjøen gir belastning på kroppen. Er du gravid, har hjarte- eller karsjukdom, høgt eller lågt blodtrykk, epilepsi eller andre helseplager, bør du spørje lege før du brukar badstova. Drikk vatn, ta pausar og avbryt om du kjenner deg uvel. Steinar, brygge og golv kan vere glatte, og vatnet kan vere kaldt og djupt. Bading i sjøen skjer på eige ansvar, og ingen bør bade åleine.
8. Gavekort
- Gavekortet kan brukast som betaling for booking av badstova, heilt eller delvis. Restsaldo står på kortet til neste gong. Vert ei booking betalt med gavekort avbestilt eller avlyst med refusjon, vert beløpet ført tilbake på kortet.
- Gavekortet er gyldig i 3 år frå kjøpsdato. Ubrukt saldo fell bort når gyldigheitstida er ute.
- Gavekortet kan ikkje veksla inn i kontantar. Du har 14 dagars angrerett frå kjøpet så lenge gavekortet ikkje er brukt.
- Gavekortkoden fungerer som pengar: den som har koden, kan bruke saldoen. Ta vare på koden. Me er ikkje ansvarlege for saldo som er brukt av nokon som har fått tak i koden, men ta kontakt med ein gong om du trur koden er komen på avvegar.
9. Ansvar
9.1 Ditt ansvar
Du er ansvarleg for deg sjølv og for følgjet ditt under besøket, og for å følgje reglane i punkt 6 og 7. Viss du eller nokon i følgjet ditt skader saunaen, låsen, inventaret eller anna utstyr, må du melde frå med ein gong. Du er erstatningsansvarleg for skade som du eller følgjet ditt valdar med vilje eller aktløyse, etter alminnelege norske erstatningsreglar. Det same gjeld nødvendig ekstra reingjering dersom saunaen er etterlaten i vesentleg dårlegare stand enn du fekk han.
9.2 Vårt ansvar
Me skal halde saunaen og utstyret i forsvarleg stand. Me er ansvarlege for skade og tap etter reglane i norsk lov. Me er likevel ikkje ansvarlege for:
- skade som skuldast at du eller følgjet ditt ikkje har følgt reglane, råda i punkt 7.2 eller instruksar på staden,
- skade som skuldast andre gjester eller tredjepersonar,
- tap av eller skade på eigedelar som er tekne med, med mindre skaden skuldast aktløyse frå vår side,
- indirekte tap, til dømes tapt arbeidsforteneste eller reiseutgifter, med mindre tapet skuldast grov aktløyse eller forsett frå vår side.
Ingenting i desse vilkåra avgrensar ansvaret vårt for personskade som skuldast aktløyse frå vår side, for skade valda med forsett eller grov aktløyse, eller anna ansvar som etter lova ikkje kan avtalast bort.
9.3 Force majeure
Me er ikkje ansvarlege for at me ikkje kan levere tenesta når årsaka ligg utanfor vår kontroll og me ikkje med rimelegheit kunne ha unngått ho, til dømes ekstremvêr, brann, straumbrot, pålegg frå styresmaktene eller svikt hos leverandørar. Du får då full refusjon for bookingar som ikkje kan gjennomførast, men ikkje erstatning utover det.
10. Personvern
Me behandlar personopplysningane dine i samsvar med vår personvernerklæring.
11. Nyheitsbrev og marknadsføring
Nyheitsbrev og varsel om ledig plass er valfritt og byggjer på eit eige, uttrykkeleg samtykke – skilt frå samtykket du gir ved booking eller medlemskap. Du vel sjølv å melda deg på, anten frå framsida, ved booking eller på Min side, og krysset er aldri sett på førehand.
Kvar e-post inneheld ei fungerande avmeldingslenke, og du kan melda deg av når som helst – anten via lenka i e-posten eller sjølvbetjent på Min side. Sjå personvernerklæringa for kva me lagrar og kor lenge.
Uavhengig av dette sender me naudsynt informasjon om bookinga eller medlemskapet ditt, til dømes stadfestingar, PIN-kodar, kvitteringar og varsel om endringar, avlysingar eller driftsavbrot.
12. Endringar i vilkåra
Me kan endre desse vilkåra. Endringar vert publiserte på denne sida med ny dato. For bookingar og gavekort gjeld vilkåra som galdt då du betalte. For medlemskap gjeld punkt 4.9.
13. Klage og tvistar
Er du misnøgd, ta kontakt med oss så snart som mogleg og innan rimeleg tid etter at du oppdaga problemet, helst skriftleg på [email protected]. Me prøver å finne ei god løysing saman med deg.
Kjem me ikkje fram til ei løysing, kan du som forbrukar klage til Forbrukarrådet, som kan mekle i saka. Saker som ikkje vert løyste der, kan bringast inn for Forbrukarklageutvalet.
Avtalen er underlagd norsk rett. Tvistar som ikkje vert løyste i minnelegheit, kan bringast inn for dei alminnelege domstolane etter reglane i tvistelova.
14. Kontakt
Viss du har spørsmål om desse vilkåra, kan du kontakte oss på:
E-post: [email protected]